På grunn av konserten med Rune Larsen og Helge Nilsen i Kulturhuset i dag, var KRIK i gymsalen på Rimbareid skule i går. Slik blir det òg neste fredag. – Det var ikkje så stort oppmøte som vanleg, men likevel møtte ca. 25 ungdommar opp til KRIK!! Dei to dyktige leiarane Terje Andreassen og Tom Rydland hadde ansvar for samlinga, mens kyrkjelydspresten selde pølser og brus i ein liten kiosk, og hadde andakt, fortel Nobukazu Imazu, som opplevde at ungdommane hadde det skikkeleg kjekt! Vi skal ha KRIK i gymsalen på Rimbareid Skule fredag 19.september også, fortel Nobu vidare. Då er det revyfestival i Kulturbygget. -Kristen Idrettskontakt (KRIK) er blitt veldig populær blant ungdomsskoleelevar i Fitjar. Det er positivt at KRIK som eit rusfritt arrangement bidrar til å skape eit sunt og trygt ungdomsmiljø i bygda vår!, legg han til, og fortel at dei fredag 26.september skal starte opp ungdomskafé (U-caf) samstundes med KRIK på kulturhuset.  Ope Hus om onsdagane er òg starta opp igjen. Likeeins Fitjar Tensing som øver i Musikksalen på Rimbareid Skule fredagar fra kl. 18.00 -19.30