Det vert KRIK-gudsteneste i Fitjar kyrkje fyrstkommande sundag kl.11.00! Møte med konfirmantar og konfirmantforeldre (viktig informasjon om resten av konfirmantåret) etter gudstenesta.

Det vert ungdomsgudsteneste med ungdommeleg innslag. Leiarane i KRIK Fitjar og eit lovsangsteam med band deltek. Mange friske lovsanger, og bodskapen vert forkynt via Powerpoint-presentasjon på ein enkel måte.

KRIK (Kristen Idrettskontakt) vart grunnlagt av idrettspresten Kjell Markset i 1981. KRIK ynskjer å bevara, inspirera og vinna idrettfolk til kristent liv både i idrettslag og kyrkjelyd. Lokallaget i Fitjar vart stifta i 2001. Året 2011 er eit jubileumsår både for KRIK som organisasjon og lokallaget i Fitjar. I denne samanhengen skjer det spannande jubileumsmarkeringar i KRIK Fitjar!   

Kom du og!