Som mange kjenner til var Roald Drønen med og stifta KRIK då han var kyrkjelydsprest på Fitjar.

Under feiringa i kveld var han forhindra i å vere der alive, men på storskjermen dukka han opp med ei videohelsing. Kyrkelydsprest Nobu Imazu viste og ei liknande helsing frå KRIK sentralt i Oslo. Når KRIK er samla, er ungdommane først i full aktivitet i idrettshallen og dei deltar aktivt i programmet elles. Solveig Fitjar og Audun Mehammer var programleiarar. Mange faste KRIK´arar deltok på festen saman med innbedne gjester. Blant dei såg me både tidlegare medlemmer og medhjelparar. Ordførar Wenche Tislevoll kom med ei helsing på vegne av Fitjar kommune og overrekte ein gåvesjekk. Ho understreka at KRIK er eit trygt og godt tilbod til ungdommen vår, og ein av nevøane hennar var med og skrytte av tiltaket. Også Torunn Aarskog gratulerte med jubileet, som representant frå soknerådet. KRIK er jo kyrkjelyden sitt ungdomsarbeid.
Ungdommane fekk påminning om å melde seg på Challenge  på Voss i februar, og for aldersgruppa 15 – 20 år er det tilbod om å vere med på Explorer 2012.
Aktivitetane i idrettshallen vart avslutta med eit talekor der KRIK Fitjar sende videohelsing til KRIK i Oslo.
Anita Thorsen er tilsett i KRIK Hordaland. Ho nemnde dei gode rykta som går om KRIK på Fitjar,  før ho heldt andakt og minna dei unge blant anna om å våge å leve nær Gud. Det lyddest som eit flott talekor då ungdommane bad Fadervår.
Sjølvsagt stod kakebordet dekka. Brus og fleire sortar kaker gjekk ned på høgkant og det var god stemning rundt småborda i foajeen i kultur- og idrettsbygget i kveld. Ingen tvil om at KRIK er svært populært i Fitjar.