Kyrkjelydsprest Nobukazu Imazu melder om triveleg KRIK-avsluting på Lambatøkje fredag kveld.

KRIK Fitjar har vanlegvis aktivitetane sine i kulturhuset, men avslutninga før sommerferien hadde dei ute i Guds frie natur. Dei var litt urolege for vêret, fortel kyrkjelydspresten, men kvelden blei velsigna med sol og blå himmel, sjølv om det bles litt.

Ein haug med blide fitjarungdommar, hovudsakleg frå ungdomsskulen, samla seg på Lambatøkje. De som hadde med grillmat, koste seg med kveldsmat under open himmel. Geir Arne Solbakken og Johannes Olsen organiserte to spennande aktivitetar: Boccia og frisbeegolf.

Enkelte opplevde at det var spennede å prøva seg på kajakkpadling for første gong. To modige jenter hoppa ut i sjøen, sjølv om det enno var kaldt.  Nobu seier han synest det er flott at så mange fitjarungdommer set pris på KRIK. Og det var stor suksess med grillsamlinga på Lambatøkje.

Dei planlgg å starta opp trening på kulturhuset fredag 3. september. Dei har flere gode KRIK-medarbeidarar, men manglar medarbeidarar på U-café (ungdomskafe på kulturhuset). Denne må dessverre leggjast ned om dei ikkje kan få nye medarbeidarar. Det store ønskjet til kyrkjelydspresten er derfor at det melder seg fleire medarbeidarar til denne kafeen til hausten.