KrF sin familiepolitiske talsmann meiner Fitjar-saka er eit døme på ei sak der politiet bør vere meir varsame.

– I ei forhandlingssituasjon må KrF stå fast ved å verne kyrkjeasyl. Me har kritisert regjeringa for å villa avvikle det. Det handlar om respekt for den aller siste moglegheita folk har for å få prøvd sakene sine på nytt, seier familiepolitisk talsmann Geir Jørgen Bekkevold i KrF til avisa Vårt Land.

Han meiner det i forhandlinga bør slås fast at styresmaktene må vere «ytst forsiktig med maktbruk» dersom dei går til aksjon i kyrkjebygg, særleg der barn er involvert.

Bekkevold viser til Fitjar-saka som eit døme på ei sak der politiet bør vere meir varsame.

Avisa Vårt Land har møtt den afghanske familien som blei henta ut av kyrjeasyl i Fitjar. Dei sit framleis i kyrkjeasyl i Hønefoss, og avisa skildrar ein familie som er strerkt prega av det dei har vore gjennom.

Til avisa seier familiefaren at dei kvar natt slit med å sove, og ligg vakne og ventar, sidan det er grytidleg på morgonen politiet plar kome.

– Men etter klokka 6 blir me rolegare. Då veit me at politiet ikkje kjem likevel.

For nokre veker sidan vart det kjent at Stord-pastor Frank Håvik politimelder Politiets Utlendingseining, på bakgrunn av brutaliteten i aksjonen.

Soknepresten i Hønefoss kyrkje Tor Magnus Amble, fortel til Vårt Land at han hentar ungane i barnehagen kvar dag. Han er ikkje i tvil om at politiaksjonen har hatt negativ påverknad på den eldste guten.

– Det er ingen tvil om at eldstemann på snart seks år har teke skade av å vere på flukt, og at det er blitt forsterka av norske styresmakter si handtering av situasjonen, diverre, seier Amble.