Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Det vart ein sein kveld med mange omteljingar, men no er resultatet inne: Kristeleg Folkeparti fekk flest stemmer på Fitjar!

Harald Rydland og Fitjar KrF kan leggja seg med eit stort smil om munnen i kveld. Med 32,5 prosent av røystene i kommunen, ein auke på 15,3 prosentpoeng frå 2015.

Høgre har størst nedgang, og går heile 21,2 prosentpoeng ned frå førre kommuneval. Dei har likevel nest flest røyster i kommunen.

Under teljinga mangla det ei røyst. Ein konkluderte med at her har ei røyst har fått stempel utan å bli registrert i mantalet. Noko ein ikkje kan gjera noko med.

I Fitjar hadde 2439 personar røysterett. Valdeltakinga var på 70,8 prosent.

Endeleg resultat (endring i prosentpoeng sidan førre kommuneval):

Kristeleg Folkeparti: 32,5 % (+15,3)

Høgre: 19,1% (-21,2)

- Annonse -

Senterpartiet: 17,5% (+7,5)

Arbeidarpartiet: 16,7% (-2)

Framstegspartiet: 14,1% (+5,3)

Truleg mandatfordeling vert slik: KrF:6, Sp:3, Ap:3, H:3 og Frp:2.

I morgon skal ein finrekna. Då får me veta endeleg mandatfordeling, og kven som skal fylla plassane i kommunestyret.