KrF sin nestleiar Inger Lise Hansen besøkte fredag, saman med tidlegare stortingsrepresentant Ingebrigt S. Sørfonn, fleire bedrifter i Stord og Fitjar.

Andre nestleiar for KrF, Inger Lise Hansen, vitja Stordøya fredag. Ho var invitert til øya for å vera med på KrF sin Adventsfest på Fitjar Bedehus.

Festen var siste post på eit travelt program som starta om føremiddagen på Leirvik. Her var det besøk hjå Atheno AS som er ein industiinkubator med fokus på heile regionen, og eit etablert samarbeidsorgan for bedrifter i Sunnhordland.

Deretter gjekk turen til Fitjar. Første stopp var besøk hjå Wärtsilä Ships Design. Representantane for bedrifta, Trygve Eiken og Lars Vestbøstad, gav ei interessant innføring om bedrifta si utvikling med teikning av fiskebåtar på slutten av 1960-talet og fram til no med teikning av båtar til transport og oppdrag av mange forskjellige slag. Dei orienterte og om utviklingsarbeidet verksemda er med på for å redusere forbruket av drivstoff for skip. Her er det stor miljøgevinst å henta i form av redusert utslepp av drivhusgassar. Verksemda er i verdstoppen når det gjeld utvikling av brenselceller og nytting av gass i skipsfarten.

Frå Wärtsilä Ships Design gjekk turen til Rådhuset på Fitjar der Harald Rydland orineterte om Fitjar kommune. Han fortalte om det positive med å drive interkommunalt samarbeid og viste i den samanhengen til arbeidet innan barnevern. Derimot var han uroa over dei sentrale styresmaktene si styring av strandsona. Han meinte det måtte leggjast meir til rette for at dei  lokale politikarane kan planlegge bruken av områda.

Det neste besøket var hjå bonde Per Magne Torvund. Her var det mjølketid, og Inger Lise Hansen fekk følgja arbeidet i fjøset. Formann for Fitjar Bondelag, Reidar Kloster, la fram synspunkt for drift av jordbruket i landet vårt. Det må leggjast til rette for at me i framtida har produksjon av mat sjølv. Dette vil vera med å utvikle og bevare busetnad og landskap i distrikts-Noreg.

Festen på bedehuset samla så mykje folk at den store salen var full. Inger Lise Hansen hadde hovudtalen der ho la vekt på å sjå på kvarandre med respekt. Ho meinte det var vesentleg at me kunne diskutere ope saker der ein hadde ulike syn, men likevel finne fram til gode løysingar saman. Dette er grunnleggjande både som einskildmenneskje og parti. Festen inneheldt ein underhaldningsdel der Inger Lise Hansen og Ingebrigt Sørfonn var deltakarar med Svein Lunde som dommar. Alle tre gjorde sitt til at innslaget blei skikkeleg triveleg å vera med på.

Heilt til slutt vart Ingebrigt S. Sørfonn heidra av Fitjar KrF for innsatsen han har gjort på Stortinget i mange år. Det var ordførar Harald Rydland som overrekte gåva, eit bilete måla av Bjørg Strømme.