Stordlensmann Bernt Norvalls har kontakta Statens vegvesen for å arrangera eit møte om situasjonen ved Vistvik like sør for Sandvikvåg. Det melder Haugesunds Avis.

– Me ber om at det blir vurdert strakstiltak for å redusera ulykkesfaren på strekninga. Det mest naturlege vil vera å skilta at dette er eit spesielt utsett område. Det vil også vera naturleg å vurdera redusert fartsgrense, seier Norvalls til HA.

Fredag døydde ei ung tobarnsmor på denne strekninga, og berre to månader før det var det òg ei alvorleg ulykke på staden. 

– Ulykka på fredag var tragisk. Men også ulykka i november var alvorleg. Det var tilfelle som gjorde at ikkje det blei ei dødsulykke, meiner lensmannen.

Les meir her.