Ordførar Harald Rydland krev i eit svært så tydeleg brev til Statens vegvesen at det omgåande må koma eit nytt gangfelt der skuleborna kryssar vegen ved den nye kyrkjegarden. Les brevet nedanfor.

Statens vegvesen
Region Vest
Askedalen
6863 LEIKANGER  

 

Vedk. flytting av gangfelt ved Fitjar kyrkje, riksveg 545

Viser til brev av 11.10.2007 der det går fram at det er gjort vedtak om å flytta gangfeltet ved Fitjar kyrkje i samband med utviding av kyrkjegarden.  Det er no inngått avtale mellom Fitjar Bedehus og kyrkja om at fotgjengarar kan gå over bedehuset sin parkeringsplass for å komma fram til gangfeltet.  Elles går eg ut frå at de veit kvar saka står og vil ikkje gå nærare inn på dette.   

Når vedtaket om flytting no er gjort, må vegvesenet få på plass det nye gangfeltet omgåande.  Det gamle gangfeltet er fjerna og skuleborna kryssar no vegen på ein måte som er svært farleg.  Bakgrunnen for at dette er m.a.: 

  • Borna kryssar no vegen der det nye gangfeltet skal plasserast.  Dette er  på ein stad der bilførarane ikkje er vane med at fotgjengarar kryssar vegen.

 

  • Det finst ikkje noko skilting eller andre teikn som viser at her er born som kryssar vegen.

 

  • Så seint på hausten som me no er, vert det snart mørkt når borna skal gå til skulen.  På staden er det ikkje gatelys, medan bilane som kjem nordfrå kjem ut av ei sone som er opplyst, noko som kan skapa farlege situasjonar.

 Dette viser at her er mange faremoment, og desse må  rettast opp  før me får ei ulykke.  Kostnadane og arbeidet med å retta opp i dette er ikkje store, og det skulle såleis ikkje vera grunnlag for å venta med gjennomføringa. 

Dersom det ikkje let seg å få på plass det permanente ganfeltet i løpet av dei første dagane,  må det setjast opp mellombelse skilt som kan informera bilførarane.  Eg vil be om å få melding om årsaka dersom dette ikkje vert gjort omgåande.   

Med helsing 

Harald Rydland
Ordførar