Bjørgvin krets av Indre Sjø har halde kretsårsmøte på Fitjar bedehus denne helga,

Bjørgvin krets i Indre Sjø er tidlegare Bergen og Sogn og Fjordane krets i Den indre Sjømannsmisjon eller DISM. Rundt 70 var til stades på misjonsfesten, som blei leia av Harry Wiig Andersen. Talarar var konstituert dagleg leiar i Den Indre Sjømannsmisjon, Ingolf Solsvik, og songevangelist Dagfinn Sandal.  Fitjar musikkforeining, Dagfinn Sandal og Håkon C. Hartvedt song.

Det var god stemning, inspirerande forkynning, og optimisme prega samtalen om arbeidet. I starten på årsmøtet fekk utsendingane med seg ein bildepresentasjon av Fitjar-bygda, historie, natur, kultur og næringsliv. Forsamlinga tykte vel om både bygda, og Fitjar bedehus, som ser svært bra ut etter oppussinga for kort tid tilbake.

Ved valet vart det attval over heile fjøla, og styret ser slik ut:
Formann Harry Wiig Andersen, Meland
Sigrunn Heggernes, Bergen,
Jarle Dale, Øygarden
Synneva Thormodsæter, Kvinnherad,
Bjørn Rongevær, Bergen
Arild Hagen, Naustdal

Elles fortel rekneskapen om eit fint økonomisk overskot for 2012.