Førstkomande laurdag vert det årsmøte for Den indre Sjømannsmisjon, Bjørgvin krets, på Fitjar. Arrangementet er lagt til Fitjar bedehus, og bortsett frå sjølve forhandlingsmøtet er møta opne for alle.

Bjørgvin krets tilsvarer tidlegare Bergen og Sogn og Fjordane krets. Kretsformann er Harry Wiig Andersen, som òg vil leia misjonsfesten laurdag ettermiddag. Her vil fungerande dagleg leiar i Den indre Sjømannsmisjon Ingolf Solsvik tale, og det vert song av mellom anna Fitjar musikkforeining og landssekretær Dagfinn Sandal. Sandal vil òg halde bibeltimen laurdag føremiddag.

For dei som er noko ukjende med Indre Sjø  kan det vere greit å fortelje at Hatlevikbasaren går til inntekt for nettopp Den indre Sjømannsmisjon, og at det er denne misjonen som driv Betelskipet Elieser 6.