Dei siste dagane har Kraków stått på hovudet. No er alt klart for gravferda i morgon.

Lenge var det ein diskusjon om Leck Kaczynski skulle gravleggjast i katedralen på Wawel-høgda i Kraków i òg med at det tradisjonelt berre er kongar som er gravlagde der. Men no blir det slik.

Etter seremonien i Mariakyrkja ved hovudtorget, eller Marknadsplassen om du vil, vert sakrofagen ført til Wawel. I dag var det fullt liv i Grodzka-gata som fører dit. Bannere vart hengde opp, blomar kom på plass og det vrimla av folk i gata.

Ved Mariakyrkja og Marknadsplassen elles, kom òg storskjermane på plass. TV-team stilte bilete og lyd, og kor og orkester øva. Det vart òg, etter dei opplysningane med har fått, heldt ei messe på plassen i kveld.

I det heile eit kjempesvært opplegg. Eit opplegg me ei stund trudde me skulle få med oss.

Nrk 1 sender direkte frå gravferda i Mariakyrkja i Kraków kl. 14.00 i morgon. Då har me, etter ny melding seint i kveld, sett kursen mot Fitjar att, med buss. Men noko av det du ser på bileta under, vil nok bli vist på TV-sendinga i morgon.

Kor mange statsleiarar som kjem er enno uvisst. Me ser det heile frå ein turist sin ståstad. Så får TV syna oss resten.

Ei spesiell oppleving har det uansett vore å vera til stades mellom alt som har gått føre seg i Kraków desse dagane. Den største turistopplevinga fekk me nok likevel i saltgruvene i Wieliczka. Heilt fantastisk! Og me som i utgangspunktet tenkte å kutte ut akkurat den attraksjonen?!! Men det er ei anna historie…

Mykje ros til Nytt og Nyttig er på plass til slutt. Guidane med Rikke i spissen har gjeve god informasjon og stelt svært bra med oss dei ekstra dagane me har måtte vera her, og bussoplegget tilbake verkar bra.

– Godt jobba, seier me, og trur det er ei nokså samstemt oppfatning mellom turdeltakarane på denne Kraków-turen. Ein tur som vart lenger enn nokon kunne tenkje på førehand…

Bannere vart hengt opp. Foto: Håkon C. Hartvedt

Bannera på plass, Grodzka stengt av for bilar og det vrimlar av folk i gata. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mariakyrkja der seremonien, som vert sendt direkte på Nrk, finn stad. Foto: Håkon C. Hartvedt

Katedralen på Wawel-høgda der sakrofagen vert plassert. Foto: Håkon C. Hartvedt

Tadewro Poplowski kan stå som representant for kva den jamne polakk og krakówianar sitt engasjement i alt som har skjedd dei siste dagane. Då me fortalte han at me tok bilete for ei norsk avis (om aldri så lita) vart han rett og slett rørt og riste handa vår inderleg. Foto: Håkon C. Hartvedt