Randi Dalen ved Kråko Gjestetun spår at talet på besøkjande tek seg opp utover våren. Foto: Kråko Gjestetun

Randi Dalen ved Kråko Gjestetun fekk kjenne konsekvensane av koronapandemien i fjor, men ser lyst på 2021.

– Sommaren var jo forholdsvis grei, og me jobba hardt for å ta inn noko av det me tapte, men då landet stengte ned igjen har det ikkje vore så mykje aktivitet, fortel Dalen.

Tapet ho nemner er omsetnadssvikten i mars, april og mai, som ho til Fitjarposten like før sommaren uttalte at kunne vere på om lag ein halv million kroner.

Håper på matservering til påska

På gjestetunet er overnatting berre ein del av verksemda. Dalen driv også med matservering, catering og utleige av selskapslokale. I oktober i fjor fekk dei innvilga skjenkeløyve og Dalen håper at det kan bidra positivt i det nye året.

– Om det vert betre veit ein ikkje, men ein håper jo på at ein skal få bruke det. Det er klart.

Sjølv om koronapandemien gjer det vanskeleg å spå framtida for drifta, vel Dalen å vere optimistisk for 2021.

– Eg ser lyst på det, eg er ikkje pessimist. Ein må jo berre forhalde seg til styresmaktene, seier ho, og legg til at ho førebels held matserveringa stengt grunna koronasituasjonen.

– Eg har ikkje fått noko grunnlag til å halde ope. Men eg håper og satsar på å få opne til påska.

Ikkje fare for nedlegging

At det er rolege dagar på campingen no, er ikkje uvanleg for årstida. Dalen trur at aktiviteten vil ta seg opp utover våren, men alt beror på kva lettar regjeringa kjem med i høve til reiserestriksjonar og tiltak i tida framover.

Dalen hadde ikkje rekneskapstala frå i fjor tilgjengelege då underteikna snakka med ho, men ho understreker at det ikkje er fare for nedlegging på Kråko.

– Eg har litt å gå på. Eg skal overleve, det er ingen fare for det. Heller det motsette!

– Jaha? Har du nokre spennande planar?

– Det får tida vise. Me har noko i bakhovudet, svarar Dalen lurt.