-Fitjarrussen ved Fitjar vgs  vil 6. mars gå dør til dør-aksjon i Fitjar  for å støtta kampen mot kreft, seier aksjonsleiar Odd Øyvind Strand til fitjarposten.no. Han vonar bøsseberarane vil bli godt mottekne.

Aksjonen Fitjarrussen (i lag med mange andre russ) tek del i har mottoet «Krafttak mot kreft», og er kreftforeininga si årlege landsomfattande innsamlingsaksjon.

Retta mot kreftformer med låg overleving

– Det er av stor betydning for oss at russen ønskjer å stilla opp i årets aksjon. Vi ønskjer å bidra til eit skikkeleg forskingsløft og få fortgang i forskinga på kreftformer med låg overleving. Då er det utrulig flott at russen vil gjera eit krafttak mot kreft, seier aksjonsleiar på Vestlandet, Ingeborg Ulstein.

Fitjarbu Annar Westerheim skal saman med Kreftforeinga vitja russen på Fitjar vgs. Han fekk kreft i 1998. I 2008 fekk han tilbod om utprøvande behandling, med lite håp om å bli frisk. Men i 2011 fekk han ei svært gledeleg melding frå legen om at han var blitt symptomfri. I år vil han dela historia si med russen.