Sør-Vest politidistrikt kom i dag med tala for meldt kriminalitet i 2019. Dei syner blant anna ein stor reduksjon i talet på narkotikameldingar.
– I perioden 2015-2019 har den meldte kriminaliteten gått ned med 15 prosent. Vinningskriminalitet utgjer fortsatt den klart største andelen av alle saksområder, medan talet på meldte narkotikalovbrot går ned, skriv politiet i ei pressemelding.
I 2019 vart det meldt 30 prosent færre narkotikalovbrot enn i 2018. Politiet meiner det heng saman med prioriteringane i politidistriktet.
– Det er sannsynlig at nedgangen er ein følge av at politiet har eit lågare aktivitetsnivå mot narkotika. Det henger saman med prioriteringane i politidistriktet og nasjonale føringar, men det er viktig å presisera at dette ikkje gjelder innsats mot organisert narkotikakriminalitet, og heller ikkje mot ungdom og narkotika, seier politimester Hans Vik.
Ungdomskriminalitet
Politiet fortel at dei har hatt auka merksemd på ungdomskriminalitet dei siste åra, men at for første året på lenge gjekk talet på registrerte lovbrot gjort av ungdomar ned.
– Vi har hatt ein auke i U18-sakene frå 2015 til 2018, og det er ikkje enkelt å gi eit eintydig svar på kvifor talet gjekk ned i fjor. Politiet har blitt flinkare til å jobba meir kunnskapsstyrt og tverretatleg med denne type kriminalitet. Vi jobbar målretta mot ungdom, og det kan vera noko av forklaringa på resultatet. Samtidig vet vi også at det er mørketall, så det er vanskelig å seia om den faktiske ungdomskriminaliteten går ned, fortel Vik.
Politireforma senka saksbehandlinga
I 2019 var den gjennomsnittlige saksbehandlingstida for oppklarte saker 119 dagar, ein auke på 19 dagar frå 2018. Det nasjonale snittet i 2019 var på 102 dagar.
– Reforma førte til lengre saksbehandlingstid av ein del uprioriterte saker. At den gjennomsnittlige saksbehandlingstida for oppklarte saker hadde ein auke på 19 dagar i 2019, skuldast at vi nå bruker meir kapasitet på sakar eldre enn tre månadar, seier Vik.
Han kan fortelja at Sør-Vest politidistrikt reduserte talet på sakar eldre enn tre månadar med 1000 saker i fjor, noko dei er nøgd med.