Fitjar tok i mot serieleiar Krabbetor til kamp heime i Idrettsparken laurdag. Det endte med eit 0-3 tap for det unge fitjarlaget.

Krabbetor blei påmeldt i seriesystemet for eit par år siden og har rykt opp kvart år og leiar så langt 5. divisjon.

Dei starta kampen best og hadde fleire farlege cornarar som lett kunne gitt laget ein pangstart på oppgjeret. Etter 12. minutt tek dei leiinga. Fitjarlaget får ikkje klarert og ballen blir sett i mål bak Oddgeir Træet.

Etter kvart kjem Fitjar meir inn i kampen, og siste halvdel av første omgang styrer laget oppgjeret. Det blir produsert fleire gode mulegheiter, men utan teljande resultat.

Etter få minutt av andre omgang legg Krabbetor på til 2-0. Surt for Fitjarlaget å få eit nytt mål i «trynet» når laget var kome sterkt tilbake og hadde tatt over iniativet i kampen.

Etter dette målet går litt av «lufta» ut av Fitjarlaget. Krabbetor går opp til 3-0 på eit flott angrep der ballen blir slått inn frå høgresida og heada i mål forbi Oddgeir Træet i mål.

Thomas V. Waage er farleg frampå eit par gonger og burde ha redusert i alle fall ein gong i andre omgang. Krabbetor vinn likevel ein fortent siger.

Laget hadde mykje større rørsle i laget, var flinke i gjenvinninga av ballen og flinke til og «venda» spelet.

Det unge Fitjarlaget var likevel på høgde med serieleiaren i store periodar i kampen, og 3-0 var nok i meste laget kampen sett under eitt.

Roger Almås styrte mykje frå midtbanen og var Fitjar sin klart beste mann. Makkar på midtbanen, Kjell Andre Thorland, viste òg i perioder mykje bra. Ellers var det mange spelarar som ikkje kom opp på vanleg nivå i denne kampen.

Laget avslutter vårsesongen borte mot Hetlevik på fredag.