Den ligg vakkert til ved sjøen og ikkje noko skilt viser vegen dit.

Sidan 1996 har Knut Ingar Havn vore leiar i firmaet Havn Produkter AS. Han gjorde om eit gammalt lager til lyse og tidhøvlege lokale til bruk for nedlegging av krabbe. Maskiner og utstyr er på plass, og utan forklaring hadde me nok ikkje skjøna bruken av dei. Fitjarposten sin utsende har vore på omvising i krabbefabrikken, som eigentleg starta ti år tidlegare. Det var Ole Havn, far til noverande eigar, som starta bedrifta på kaien ved den gamle krambua i Koløyo. Eit besøk i arbeidslokala hadde ikkje blitt tillatt viss det var produksjon i gong, fordi krava til reinsemd (og rask nedkjøling av råvarene) er svært strenge i denne bransjen. I vinter og no er det heller lite krabbe å få tak i, og det er ikkje fulle arbeidsveker, forklarer Knut Ingar. Etter endt arbeidsdag vert lokala grundig vaska og desinfisert, og atter desinfisert om kvelden viss det går meir enn ein dag til neste produksjon. Totalt elleve personar har vore i arbeid i den travlaste tida. Krabbene vert først kokte i eit spesielt rom utandørs. Innandørs vert dei delte opp og klør og føtter rivne av. Ein maskin knekkjer pynteklørne og ein annan bles ut det som er i krabbeføtene. Nærast døra står ei sentrifuge som reinskar krabbestøa, den går enormt fort, seier Havn. Når maten er tatt ut av skala, vert han sett på kjølerommet medan dei vert vaska og kokte. Skala må vere gullande reine før all krabbematen vert fyllt oppi att og klar for levering. Krabbene vert stempla med fem dagars haldbarhet. SLab på Leirvik har ansvar for testing av kvalitet og haldbarhet, og slik me forstår det er det førsteklasses vare.

Når hausten kjem, reknar Knut Ingar Havn med at krabbesesongen er i full gang att. Han køyrer hovudsakleg til Bømlo for å kjøpe råvarene, og det er firma Lerøy i Bergen som hentar og formidlar vidaresal av delikatessen fyllte krabbeskal.  For 15 – 20 år sidan flaut det over av krabbe i Sunnhordland, seier Knut Ingar Havn. Lokale fiskarar kom til Koløyo med krabbefangstane sine. Då vart det lagt ned krabbe i perioden august til jul. Dagane var veldig travle med mykje overtid og ein del nattearbeid, i alle fall for den som var sjef.

Havn seier til slutt at han ønskjer å halde fram med denne verksemda så lenge helsa held.

Berre to tomme krabbeskal var å sjå. Ferdig vare vert henta av Lerøy i Bergen. Foto Turid Sandvik