Ein mann vart sikta for køyring i alkoholrusa tilstand på Fitjar i dag.

Det var litt før klokka halv fire i dag at ein mann i starten av 40-åra vart sikta for køyring i alkoholrusa tilstand, på Fitjar. Mannen vart teken med til Stord legevakt der det vart teke nødvendige prøvar, opplyser Jan Magne Østebøvik ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.