Ein mann med to passasjerar i bilen hadde for høg fart i ein sving og køyrde i ein fjellvegg ved Sandvikvåg i natt.

Av: Cassandra G. Jespersen

Det var like før klokka 01 natt til måndag at politiet fekk melding om trafikkulukka som skjedde på E39 ved Sandvikvåg.

– Førar har mindre skadar og vert behandla ferdig på staden. Bilen har køyrd ut i ein sving, store materielle skadar, meldte Politiet i Sør-Vest på Twitter.

Det var ingen andre køyretøy involvert i ulukka.

– Føraren er ein mann i slutten av 30-åra, av utanlansk opphav, opplysar operasjonsleiar Knut Løklingholm i Sør-Vest politidistrikt.

Politiet oppretta sak og førarkortet vart fråteke.

– Dette på grunn av uaktsam køyring. Han har hatt for stor fart inn i ein sving, fortel Løklingholm, som ikkje kan sei noko om kor høg farten har vore.

Vaktsjef Dan Magne Gaard ved politistasjonen i Haugesund, seier at sjåføren sjølv har uttala at han køyrde i rundt 60 km/t.

– Patruljen melder om at han har slått hovudet i rattet og at han fekk ein kul. Passasjerane som begge er ca. 20 år er uskadde.

Det var 0,5 grader og glatt på staden.