Både båtfolk og hyttefolk hadde det nydeleg i finevêret i Fitjar i kveld.

På Sjøsio møtte me Evy Jensen og Rolf Grønvig frå Olsvik i Bergen som koste seg med reker om bord i båten sin. Dei fortalde at det er første gongen dei er på Fitjar etter at dei tok i bruk båten førre helg.

– Me overnatta i Bekkjarvik i går, og ligg i ro på Sjøsio til i morgon, seier dei før dei legg til: – Om det er første gongen me er på Fitjar, blir det ikkje siste. Me kjem garantert igjen, smiler dei.

Me ville òg ha med oss korleis hyttefolket på Kråko hadde det og sette kursen dit.

Då me nærma oss Skjæret, høyrde me stemningsfull visesong, og såg ein glad gjeng benka på terrassen til ei av hyttene der. Songaren synte seg å vere Lars Ekholst frå Straume på Sotra som gav til beste vakre og kjende tonar i den solfylte vårkvelden. Saman kona Bente og ein del vener såg dei ut til å storkose seg i det idylliske øylandskapet. Og når me spurde om dei gjorde nett det, fekk me eit rungande JA til svar.

– Og så har me fått fisk, sa ei av damene og peikte på Kari Ekholst, som hadde fått både torsk, lyr og sjøaure på stong i helga. Snadder og deilig matauke.

Dei andre som hadde det fint rundt bordet var Gunn og Trond Solheim frå Fjell og Bente og Yngvar Berberg frå Bryne. Hytta dei bur i er eigd av Posten og leigd av Bente for denne helga.

– Me var her òg i januar, og om det var glatt og kaldt, hadde me det nydeleg også då, seier ho og legg til at dei kjem nok til å leige hytta så ofte dei kan i framtida òg.

(Klikkar du på bileta til høgre vert dei større)