Øystein Sørli t.h. og Per Drønen fekk til ein koseleg quiz med krevjande spørsmål i Peraløo fredag kveld. Foto: Kjetil Rydland.

Quizen i Peraløo fredag kveld blei om lag så koseleg som det går an å få ein quizkveld, og vinnarlaget «Kulturhjørnet» gav premien på 1000 kroner til kveldaseta i Øvrebygda.

Etter quizen i Peraløo i går kveld kan me slå fast at familien Drønen har funne eit konsept som slår an. Quizmeistrane Per Drønen og Øystein Sørli leia møtelyden på knapt 60 kunnskapsrike fitjar- og stordabuar gjennom ei rekkje vanskelege spørsmål, som såg ut til å engasjera.

Dei frammøtte blei delte inn i sju ulike lag, og det synte seg snart at kampen kom til å stå mellom «Kulturhjørnet», med kultursjef Bente Bjelland i spissen, og eit lag der Kjell Håvik og andre frå Goddo dominerte. I andre omgang blei spørsmåla vanskelegare og vanskelegare, men til slutt kunne «Kulturhjørnet» jubla.

Premien for førsteplassen var 1000 kroner. Vinnarlaget bestemte seg utan vidare diskusjon for å gi pengane til den tradisjonsrike Kveldaseta på Øvrebygda skule. Dermed har dei ivrige lærarane og elevane ved skulen fått ein flying start på årets aksjon.

Per Drønen fortel at også lag nr. 2 og 3 gir premiane sine – 600 kr og 400 kr – til TV-aksjonen. Flott!

Jubelen står i taket då Kulturhjørnet skjønar at dei har vunne quizen. Foto: Kjetil Rydland.
HMS-en er på plass i Peraløo. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -