– Utstillarane kjem igjen år etter år fordi det er så koseleg på julemesse i Sælevik.

Det er leiaren i Dåfjorden Vel, Rune Helland, som seier dette under julemessa på Sælevik skule i dag. Han fortel at det ikkje er problem med å få folk til å stilla opp på julemessa, fordi det er så koseleg! No har dei flytta messa frå første til andre søndag i advent, for å unngå kollisjon med lysmessa i kyrkja. Rundt 20 standar med eit variert utval var på plass, og folk frå Fitjar, Sagvåg og Sælevik-krinsen slutta mannjamt opp for å sjå om det var julegåver å henta – eller for å få seg ein god drøs over ein tallerk betasuppe og ein kopp kaffi.

Rune Helland fortel at julemessa, saman med 17. mai, er den viktigaste inntektskjelda til velforeininga. Og inntektene kjem godt med, for dåfjordingane har mange prosjekt på gang. Dei siste åra har dei arbeidd med leikeplass i Fiskaneset, fotballbane ovanfor skulen, tursti med gapahuk og andre mindre prosjekt.

Blant utstillarane var sjølvsagt Solveig Westerheim, med pulsvarmarane og dei andre strikkeprodukta sine. Ho fortel at ho har vore med så lenge det har blitt skipa til julemesse i Sælevik. Blant gjengangarane merka me oss òg Eli Lie Heggøy med brystdukar og belte til bunader. Ho fortel at ho ikkje sel så mykje av dette bunadsutstyret på messer, bortsett frå på Tysnes. – Der sat pengane laust! seier ho. Men i dag fekk ho selt ein god del julekjeks, minst sju sortar etter det me kunne sjå.

Om me hadde vore spesielt ute etter scrappekort, burde me ha vore tidlegare ute. Gyrid Sæterbø fortel at ho og barnebarna selde ut det meste med ein gong julemessa opna. Sjølv hadde ho laga kransekake og andre kaker, medan dei tre barnebarna Victoria, Andreas og Sander Nordbustad hadde scrappa. Ungdommane John Otto og Anton Pletten var på plass med heimerøykt laks og aure. Smaksprøven av auren freista til kjøp, men så har jo gutane tilgang på eksperthjelp frå faren, fiskehandlar Frode Pletten.

Utstillarane rapporterte om bra omsetning på dagens julemesse. Men både seljarar og kundar som trassa vêr- og førefoholda i dag, kom nok helst fordi det er koseleg på julemesse. Og me kan stadfesta at dei ikkje tok ut på glattisen til fånyttes.