Nissejenta Marion Træet likte å lima paljettar på fyrstikkøskja.

Babysong og småbarnstreff hadde ei roleg og fin adventssamling på Fitjar bedehus i dag.

50 små og store var samla til adventsstund. Først var det tenning av adventslys og synging av julesongar og litt andre songar. Babyane hadde ei roleg songstund for seg sjølv på loftet. Dei som var større hadde ei meir aktiv songstund nede.

Så var det nisteting, mandariner og pepperkaker, og nokon hadde med seg sjokolade… I dag skulle me verkeleg kosa oss. Julemusikken tona i bakgrunnen.

Mange ville leika med duplo og dyr på golvet etter at dei var ferdig å eta.  Og mange ville laga ting. Nokon fekk og tid til begge deler.

Det var to juleverkstadaktivitetar. Ein kunne laga adventsappelsin med nellikspiker i, og ein kunne pynta store fyrstikkøskjer med filt og paljettar. Aktiviteten var stor, og fyrstikkøskjene var aller mest populære. Det kjem nok til å liggja ein del fint pynta fyrstikkøskjer under juletrea i år.

Etter eit par timar var det over. Enkelte kunne tenkt seg å halde på lenger, andre hadde allereie sovna… Dette gav julestemning og var verkeleg koseleg sa dei på veg ut, og ynskte kvarandre ei fortsatt god adventstid!

Babysong og småbarnstreff tar no juleferie, men tek til igjen 14. januar med vanlege samlingar.

Nissejenta Marion Træet likte å lima paljettar på fyrstikkøskja.

Andrine Thomassen koste seg på adventssamlinga.
Andrine Thomassen koste seg på adventssamlinga.