Stor livsglede og til tider høglytte dyrelydar prega kosekvelden som søndagsskulen arrangerte for Bibelgjengen og Bibelagentane fredag kveld.

Søndagsskulen på Fitjar bedehus er for alle mellom 0 år og 8. klasse. Bibelagentane er gruppa for dei i 2.-4. klasse og Bibelgjengen er gruppa for dei frå 5. klasse og oppover. Vanlegvis er det søndag føremiddag dei samles på bedehuset. Men denne gongen hadde søndagsskuleleiarane invitert begge gruppene til kosekveld på bedehuset ein fredagskveld.

Det heile starta heller roleg med ein song og ein spennande film om Daniel i løvehola. Seinare var det trylletriks, gåter, sketsj og 50-leiken, der 30 ungar med kvar sine dyrelydar sprang rundt på bedehuset og lette etter postar. Kosen vart avslutta med pizza, popcorn og brus rundt peisen.

Ein av gutane smiler lurt og seier at pizzaen og popcornet var det beste med heile kvelden, så all ros til Reidun Vik som stilte med heimelaga pizza. Andre likte best underhaldninga, og mange vart inspirert av Tor Håkon sitt trylletriks, og øvde på dette og andre triks medan dei stappa munnen full av popcorn.  

Tida fauk avgårde og etter at vinnarane av 50-leiken var kåra var det over. «Det var så kjekt å være på kosekveld sammen med dåkker, dåkker e jo så kjekke og snille!», smilte Elisabeth søndagsskulelærar då ho avrunda kvelden og ungane motvillige måtte innsjå at det var tid for å gå heim.