Familien Bull Øvrevik Johannesen fra Bergen er ein av familiene som allereie har teke hytta si i Kråko i bruk. Og dei storkosar seg.

-Vi har alltid hatt båt, og farta rundt i den om sommaren. Både her i Fitjarøyane, og på Sørlandet. Etterkvart vart borna litt lei av fartinga, og då var det like greitt å ha ei hytte ved sjøen – og samtidig fortsett få oppleve sjø- og båtlivet.

Så då vart det Fitjarøyane og tomta her på Kråko, fortel Egil Johannesen, og legg smigrande til: -Det er mykje finare her enn på Leirvik, og vi kjem nok til å vere her i helgane heilt i frå påske til oktober.

Familien skryt òg skikkeleg av Johannes Sandvik. -Han har vore heilt fantastisk med å leggja alt til rette for oss, frå byggjeplanane starta til vi kunne setja nøkkelen i døra.

Om vèret ikkje har vore heilt topp i sommar, har  familien hatt det flott likevel, og brukt mykje tid i det nedfelte, utandørs boblebadet på verandaen, med utsikt mot den naturperla fitjarøyane er.