Johanne Heggøy, Reidun Vestvik og Signe Heggøy kosar seg på «Kafeen». Foto: Håkon C. Hartvedt

– Det hadde vore eit stort sakn om kafeen ikkje hadde halde fram her i Larsenbygget, seier Reidun Vestvik til fitjarposten.no.

 

Noko av årsaka er den same som mannfolka som vart intervjua i dagens Sunnhordland uttrykte: – Det er utsikta mot Parkeringsplassen og Rådhuset som er viktig. – Litt forvitne må me jo vera, ler damegjengen som til vanleg vitjar kafeen fleire gonger i veka. – Det MÅ vere ein kafe som denne i bygda, let det.

Då me var innom var det både vaflar og rundstykke å få kjøpt. Men Neringa Jusciene hadde òg middag på kok. I dag står kjøttkaker og blomkålsuppe på menyen, og middag skal det bli kvar dag, men ikkje søndagar førebels. 

– Me vil prøve oss litt fram så får me sjå kva det blir etter kvart, smiler Neringa Jusciene, til slutt.

Neringa Jusciene i arbeid med kjøttkakemiddagen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Du kan framleis kjøpe vaflar på kafe i sentrum. Foto: Håkon c. Hartvedt