Tiandeklassande på Rimbareid er i full aktivitet på Dagali der dei har lagt avslutningsturen sin.

I dag har rafting, elvebrett, paintball, rappellering (40 m ned) og ridning stått på programmet. Og elevane er greitt fordelt på dei ymse aktivitetane. Veret er regnfullt og grått, men det stoppar verken humøret eller aktivtetane.

Ein vonar likevel på betre vèr når Go-cart -cup`en skal gjennomførast i morgon. Elles vil nok dei fleste sjå ut som« ein blautadrit» når dei kjem i mål. 

Med på turen er 49 elevar, to foreldre og fire lærarar.