I Fjellheim Friluftsbarnehage har dei markert førjulstida med både Lucia-feiring og graut- og lysfest. Styrar Anne Karin Nilsen fortel til fitjarposten.no at tidleg morgon måndag 13. desember, på sjølvaste Lucia-dagen, vart ungane frå begge avdelingane kledd i kvite klede med glitter i håret og lys i handa. Saman gjekk dei så i eit flott Lucia-tog. Dei hadde øvd lenge på songen som klang flott i mellom husa på tunet. Alle samla seg på scena og song Lucia-songen ein siste gong før dei gjekk inn og hadde felles kosestund med lussekattar, før turar og utflukter stod for døra.

– Torsdag den 16. desember var det duka for graut- og lysfest ute i barnehagen. Nesten alle som går i barnehagen kom saman med familiane sine. Ungane song julesongar på scena vår før me serverte graut i lavvoen, i Tussetunnelen og under “sovetaket”. Det var mørkt og kaldt ute: Lys fekk me frå dei flotte lyktene som barna hadde laga, frå båla me hadde tent rundt om og frå månen som kikka fram mellom snøbyene. Dette var ei stemningsfull og koselig førjulsstund for alle som høyrer til i Fjellheim!, fortel Anne Karin Nilsen.