I dag kan du sjå foto frå nokre av dei  lokale salsbodene

Svært mykje folk var samla i bodgata i dag, og mange utstillarar baud fram varene sine, faktisk nokre fleire enn i går. Det var eit variert utval og folk handla. Skinnvarer, garnprodukt og tekstilar av ymse slag var fint utstilt og vekte interesse hos publikum. Gardsmaten i form av poteter, egg, bær og syltetøy var det mange som ville kjøpe. Berber og Arielle er tidlegpoteter med delikat smak, står det i reklamen. Bjørnebæra frå Prestbø er heilt spesielle, så store og saftige. Fitjarpølsa vart omtala i går, og ho fall i god smak. Nokon ønskte å kjøpe med seg heim, men det gjekk visst ikkje an. Ho kjem kanskje på marknaden seinare og?

Ein variert festival-meny var tilgjengeleg i matteltet, produsert av lokale råvarer: Okse frå Reino, gris frå Sæterbø, laks frå Sjøtroll. Dette kunne ein nyta saman med nypoteter frå Kongsgarden og anna tilbehør. Den nye fitjarpølsa kunne etast med potetlomper laga av bygdekvinnelaget, som og hadde ansvar for servering av rømmegraut, platekaker og lappar. Ikkje rart at det til tider var mange som stod i matkø i ettermiddag. I morgon er det søndagslunsj rett etter gudstenesta på kaien, kl 12.00 – 13.30, med koldtbord og varme rettar. Fitjarfestivalen si utsøkte fiskesuppe er ikkje til sals den dagen.