Før ordføraren opna kommunestyremøtet vart tidlegare ordførar Per-Gunnar Bukkholm som døydde 14.02., minna med eit minutts ro.

Ordførar Harald Rydland sa at det var med sorg han hadde motteke bodskapen om at Per-Gunnar Bukkholm var død, berre 48 år gamal. Han sa vidare mellom anna at Per-Gunnar var ordførar i ein periode der det var store og omfattande saker i Fitjar. Det gjaldt Bergensboset som skulle til Fitjar og om Fitjar skulle ta seg råd til å byggja kulturhus. Dette var saker som splitta folket i Fitjar.
Per-Gunnar jobba godt med begge sakene og i ettertid kan ein sjå at Kultur og idrettsbygget har vorte eit bygg med mykje aktivitet. Per-Gunnar var ordførar 1995 – 1998. Harald Rydland lyste så fred over minnet om Per Gunnar Bukkholm, og det vart halde eit minutts ro.

I møtet vart så Handlingsplan for IKT i grunnskulen 2010 – 2012 handsama. Det var lagt fram ein fyldig og god rapport om tilstanden for data i grunnskulen. Her tok Agnar Aarskog og Torunn Aarskog ordet. Begge var samde om at det er gjort ein del med å skaffe betre datautstyr til skulane dei siste åra. Begge peika på at ein må fortsetja å  tilføre meir midlar for å følgje den raske utviklinga innan data i skulen. Planen vart samrøystes vedteken.

Den andre saken som var oppe omhandla leigeavtale mellom Helse Fonna og Fitjar kommune om leige av Fitjar Bu- og behandlingssenter. Det blei inngått leigeavtale i 2006. Denne gjeld ut 2010. Kommunen har då rett til å overta byggemassen for vel 5 mill. Saka har vore drøfta i formannskapet og administrasjonen. Der var det semje om at rådmannen skulle ha møte med Helse Fonna. Møtet er halde, og ein er no kome fram til ei løysing der den tidlegare avtalen i store trekk vert forlenga. Det er berre gjort nokre mindre endringar. Avtalen gjeld 2011 – 2017 og vil gje Fitjar kommune same kostnad som i dag. Rådmann Atle Tornes fekk ros for å ha fått til ein avtale. Skissa til avtale vart samrøystes vedteken, og det vert no sendt søknad til fylkesmannen om godkjenning for avtalen.

stéroide anabolisant