Fitjar skulekorps sin tradisjonelle marknad vart halden i gymnastikksalen på Rimbareid skule torsdag kveld. Rundt 150 små og store møtte fram for å støtta korpset.

Korpset lokka i år ikkje berre med kaker og kaffi, det var og sal av betasuppe, pizzasnurrar og pølse i brød. Her kunne ein få kjøpa seg både middag, kaffimat og kvelds. Mange nytta høve til det, men likevel kunne ein kanskje ønskt seg endå større oppmøte, men med mange ulike arrangement denne torsdagen var det forståeleg at folk ikkje kunne rekka over alt.

Fitjar skulekorps er i godt driv for tida. Dei er inne i sitt 51. år og førebur for tida NM-deltaking i Stavanger i juni. Aspirantane og juniorane, som utgjer den viktige framtida til korpset, fekk æra av å opna det heile med ei avdeling med variert og kjekk brass-musikk. Det skjer ei rivande utvikling med denne gjengen, og det lovar godt for hovudkorpset som snart skal få glede av nytt blod i sine rekkjer. Me merkte oss spesielt Hanen og den svingande Brown girl in the ring. Dei spelte med fullt arrangement, var presise og hadde god styrke.

Hovudkorpset si avdeling inneheld mellom anna NM-nummeret Dakota som består av fem satsar. Stykket stiller høge krav til musikarane. Så langt har dei øvd inn tre av desse satsane, og etter det me høyrde meistra dei desse svært bra. Den unge, men svært så rytmesterke slagverkgruppa som består av Sverre F. Brekke, Andreas  Vik og Torstein Træet, var sjølve drivkrafta i delar av stykket Epilog, og fortener stor honnør for måten dei meistra det på. Me merka oss elles at den etter kvart så store kornettgruppa stod fram som svært homogen og balansert. I kornettrekkja sat og den flinke solisten Anne Lunde, som hadde solo på Andante og allegro.

Som alltid på marknaden deltok Fitjar musikklag som spelande gjester. Det var mange raude korps-genserar blant dei svarte uniformene i musikklaget. Tilsig av nye musikantar frå korpset er livsnødvendig for musikklaget, og for tida er dette tilsiget ganske stort. Musikklaget tok oss med på litt av si musikalske reise rundt jorda, som dei presenterte i kultursalen for to veker sidan.

Vel så viktig som musikken og maten ein slik kveld er lotteria. Det var to omgangar med sal av årer, og mange gevinstar som skulle trekkast. Særleg for dei yngste var dette høgdepunktet. Mange vann, men nokre av dei små gjekk heller slukøyra heim, og syntes det var vanskeleg å sjå verdien av at dei hadde støtta korpset når dei ikkje hadde vunne. Ein var så fortvila at han lurte på om han i det heile ville koma att neste år. Men dei fleste var likevel godt nøgd med kvelden. Så og styret, aktivitetsnemnda og økonominemnda i korpset som har planlagt marknaden i lang tid. Kvelden bar preg av god organisering og mange dyktige folk i kulissane. Kveldens humor stod trekkarane Terje Træet og Terje Vidar Vestvik for, og Tom Rydland som med eit stødig tak rundt mikrofonen losa heile kvelden vel i hamn.

Kari K. Prestbø og dei andre i økonominemnda til korpset ynskjer å retta ei stor takk til alle som har gjeve dei gevinstar og alle som støtta korpset med å kjøpa lodd.

TREKNINGSLISTE
4 Billettar til Kongeparken: Ellen Karoline og Endre Hovstad, Barberpakke frå Fitjar såpekokeri: Lillian Gjøsæter, Gåvekort hjå R.Rydland: Nils Møgster, Gåvekort hjå Hårloftet: Tove Korneliussen, Proviantkasse frå Spar mat: Johannes Koløen, Proviantkasse frå Rema 1000: Ranveig Flatråker Ottestad, Søndagsmiddag for 1 pers. på Fitjar Fjordhotell: Fam.Anne Marie Larsen, Sekk m/turutstyr: Ingvild Prestbø, Strikka genser str.4-6 år: Rune Stockmann, 4 kinobillettar: Anne Hageberg, Tunika m/hue str.2 år: Armelyn Mehammer, Pizzasett i Hardangerbestikk: Annlaug Rimmereid, Gåvekort hjå Joker: Torill og Arvid Sandvik, Strikka barnekjole: Liv og Torolf Larsen, Sydd barnekjole: Toralf Vik, Solkrem frå Mary Kay: Malene Alfsvåg Traa, Barnegenser str.6 år: Birgit og Tørres Helland, Førstehjelpspute: Knut Vik, Fruktkorg frå Joker: Linnea Vestbøstad, Picnikksekk m/utstyr: Morten Thunestvedt, Kransekake: Madli Sandvik, Kransekake: Guro og Henry Tveit, Leggvarmarar str.6 år: Hildegunn Strand, Selbuvottar: Fam.Randi Eiken, Komlemiddag for 1 pers. på Fitjar Fjordhotell: Sylvi Hevney Blix
DUKKEBOK: Dukke med klede,dukkestol og dukkekledestativ: Åsa Gjøsæter
BARNEBOK: Sjørøvarskip: Hanne Rimmereid, Legosett: Elias Lutro, Togsett: Shawn Malone Skjelde
Rett trekning: Solveig Vik og Tom Rydland