– Det er Gerd Marit Lunde som seier dette til Bladet Sunnhordland i samband med at ho og mannen Svein fekk utdelt Frivilligprisen under julesamlinga til Fitjar Frivilligsentral tysdag kveld.

Avisa der sør har i det heile ei flott og stor sak om ekteparet i papirutgåva si i dag. Der kan me lese at Svein Lunde har hatt mange roller i Fitjar skulekorps. Ja, mest alle roller som går an å ha, med unnatak av kasserarjobben. Gerd Marit har òg hatt ulike oppgåver, men mest har ho jobba med korpset sine uniformer.

Prisen vart utdelt av ordførar Wenche Tislevoll, som mellom anna peika på kor utruleg viktig eldsjeler som Gerd Marit og Svein Lunde er for eit samfunn som vårt.

– Velfortent heider, seier me.