Langt gjekk dei ikkje, og tre stopp hadde dei undervegs. Likefullt vart det ein svært spennande tur – full av musikk. Me snakkar om Fitjar Skulekorps på friluftstur. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det starta i parken med musikk og lokalhistorisk foredrag. Korpset spelte og Magnar Kloster kåserte. Det same gjentok seg ved Kongsbrunnen og på Rimsvarden. Men her vanka det òg kaffi og frukt.

Foto: Håkon C. Hartvedt

Mest spektakulært vart det då korpset spreidde seg mellom haug og hammar. Med det gav dei oss ei annleis og svært fin oppleving. Foto: Håkon C. Hartvedt

I det heile ei god oppleving å få med seg på ei heller grå kvardag – vêrmessig sett.

Med nye tur-luer. F.v. Vegard Aarbø, Oda Rydland, Svein Roger Koppang og Ole Rørvik. Foto: Håkon C. Hartvedt