Klovskarfjellet er som vanleg med på lista over TellTur-mål, men hugs at du ikkje skal opna turkassen og bruka kodekortet! Foto: Kjetil Rydland.

Onsdag 1. april startar årets TellTur, og det er ingen aprilspøk. Friluftsråda vil nytta mobilappen «Norgeskart friluftsliv», som gjer det mogleg å registrera seg utan risiko for smitte.

Som kjent er det ikkje tilrådeleg å skriva seg i turbøkene i fjellet på grunn av faren for å spreia korona. Dette må naturlegvis friluftsråda ta omsyn til når går laus på ein ny sesong med TellTur.

Ein del turpostkassar med bøker og kodar har allereie blitt sette ut i førebuinga til årets sesong. Men på grunn av smitterisikoen må desse IKKJE nyttast, står det å lesa på heimesida TellTur.

I staden må me bruka mobilappen Norgeskart friluftsliv til å registrera turmåla våre. Meir om denne mobilappen kan du lesa her. Som eit ledd i kampen mot koronviruset har friluftsråda gjort TellTur-abonnementet i denne appen gratis ut 2020.

Appen vil slå ut på posisjonen din når du er innen 50 meter frå turmålet og be deg sjekka inn. Det skal vera enkelt og greitt, og heilt gratis. Me kjenner fleire som ikkje liker slike mobilappar, men me kan trøysta med at det er hjelp å få. Til dømes er det fleire hjelpsame turfolk som medlemmer i Facebook-gruppa TellTur.

I Fitjar er det gamle og velkjende turmål med i år, og berre eitt nytt, nemleg Kvednavatnet. Det ligg øvst i Hovlandsdalen, og har ein av dei finaste gapahukane på Stordøya. Dei andre turmåla i Fitjar er Rossneset, Svartavatnet, Tindaslottet, Botnavatnet, Kidno, Klovskarfjellet, Ytste Sørlivatnet, Surefjellet, Beinatjønnsvarden, Sæterbøfjellet, Fiskaneset.

Oversikt over turmål i Fitjar, Stord og andre aktuelle kommunar finn du på heimesida TellTur Friluftsrådet vest. God tur!