Adm. dir. Olav Klausen. Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna

I neste veke startar Helse Fonna vaksinering av sine tilsette. No har dei bestemt korleis dei skal prioritera dei tilsette.

– Oppdraget vårt er å sikre kritiske funksjonar slik at vi både kan handtere nye smittetoppar i pandemien og gi det nødvendige helsetilbodet til befolkninga elles. Dette ligg til grunn for føringane vi har fått om korleis vi skal prioritere vaksine til helsepersonell, seier administrerande direktør Olav Klausen.

Eit visst volum vaksiner er tildelt Helse Fonna, og prioritering av kva personellgrupper som skal bli vaksinert er først drøfta i felles beredskapsmøte mellom RHF’et og dei lokale helseføretaka. Det er semje om at ein skal sikre optimal bruk av tildelte vaksiner til spesialisthelsetenestene i første runde, der ein legg til grunn regjeringa si grunngjeving og prioritering.

Eit eige vaksinasjonsutval har utarbeidd forslag til prioritering i samsvar med overordna prinsipp. Forslaga er diskutert i beredskapsleiinga, med dei tillitsvalte og vernetenesta. Endeleg avgjerd blei tatt av beredskapsleiinga i dag

Smittevern framleis det viktigaste

Det primære prinsippet for prioriteringa av vaksinasjon av tilsette er sjukehusa si evne til å vareta befolkninga sitt behov for helsetenester i ein situasjon med aukande smitte, og ikkje omsynet til beskyttelse for smitte for den einskilde tilsette, sjølv om også dette omsynet er viktig.

Førsteprioritet er funksjonar som må ha høgare kapasitet for å handsame auke av covid-19 pasientar, til dømes intensivmedisin og testkapasitet.

Andreprioritet er funksjonar som i så stor grad som mogleg skal oppretthalde normal kapasitet, men der det ikkje er trong for auke.

– Det blir framleis like viktig å ha godt smittevern gjennom å halde seg heime ved sjukdom, halde avstand til andre, ha god handhygiene og følgje dei smittevernreglane som gjeld i dei ulike situasjonane, seier Klausen.

Open om prioritering

– Det er viktig at vi er opne om kva prioriteringar som blir gjort og kvifor det blir slik. I vaksinasjonsutvalet er det representantar frå ulike funksjonar, tillitsvalte og verneombod, for å få råd om best mogleg prioritering. Dei tillitsvalte og vernetenesta er òg involvert før endeleg avgjerd blei tatt, seier Klausen.

Samtidig må ein vere budd på å gjere endringar på kort varsel.

– Vi er i ein pandemi der situasjonen kan endre seg frå dag til dag. Vi kan derfor ikkje utelukke at det må omprioriterast, men då skal vi grunngi dette godt, seier Klausen.

Trass i at vaksinedosane langt frå rekk til alle Helse Fonna sine 4.000 tilsette, er Klausen glad for at vaksineringa endeleg er i gang. Sjølv om vaksinen er frivillig håpar han at flest mogleg tar i mot tilbodet om vaksinering.

– Det er ikkje lett å prioritere mellom alle gode medarbeidarar som trengs for å drive spesialisthelseteneste. Uansett gjeld det for alle at det er positivt at vi no er i gang med vaksinering, seier Klausen. Han er trygg på at det raskt kjem mange fleire vaksiner til føretaket slik at vi kan vaksinere mange fleire medarbeidarar i løpet av kort tid.