Harald Johan Sandvik må innsjå at det ikkje blir basar i Færøysund siste laurdagen i juli. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Ikkje overraskande blir det ingen ting av Færøysundsbasaren i år, og årsaka er naturleg nok koronapandemien.

Det er ein litt slukøyra Johannes Nesse i basarkomiteen som fortel dette til Fitjarposten i dag.

Dermed har dei ivrige arrangørane blitt nøydde til å bryta ein tradisjon som dei har halde på sidan oppstarten i 2012.

I åtte år på rad har dei skipa til basar på den gamle, idylliske handels- og gjestgjevarstaden heilt nord på Stordøya.

Inntekta frå basaren har gått til eit jordbruksprosjekt i Kamerun, der ektemmannenn til Målfrid Revne Sandvik kjem frå.

I romjula 2017/2018 var Johannes Nesse og Eirik Myhre med på ein tur til Mbé i Kamerun for å følgja opp prosjektet i Kamerun.

Johannes Nesse minner om at me kan følgja med på Facebook-sida til Færøysundsbasaren.