Fitjar kammerkor og Gjertruds Sigøynerorkester. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

– Me var heile tida bestemt på at dette var ei utsetjing, ikkje ei avlysing.

I mars inviterte Fitjar kammerkor inn til storkonsert saman med Gjertrud’s Sigøynerorkester og Helge Jordal. Dei gleda seg til å gje publikum ein konsert full av lidenskap, livslyst og melankoli, og ei oppleving dei seint vil gløyma.

Men med koronaen kom avgjersla om å utsetja konsert til 30.oktober:

– Denne sprudlande musikalske opplevinga fortener ein fullstappa kultursal og topp stemning, fortalde Fitjar kammerkor i mars.

No kan Jorunn Hernes melda på vegne av koret at dei på ny øver for fullt til konserten.

– Me hadde øvd, og gleda oss so mykje til konserten i mars, at avlysing var aldri aktuelt. Dette skulle vera, og er første gong Helge Jordal og Gjertruds opptrer saman med eit kor med dette felles opplegget, så det blir ganske spesielt. Me håpar at denne forrykande flotte konserten kan vera eit uforgløymeleg kulturhøgdepunkt midt i denne litt dystre kvardagen som kulturlivet no er midt oppe i.

Flyttar inn i idrettshallen

Hernes håpar at folk vil vera med å støtta koret, og oppmodar til å kjøpa billettar på førehand.

– For Fitjar Kammerkor er det et stort økonomisk løft å ha konsert saman med disse profesjonelle aktørane og vi er helt avhengige av godt billettsal, fortel Hernes.

Ho fortel vidare at dei har flytta konserten frå kultursalen, til inn i idrettshallen.

– Då kan me vera heilt sikre på at det nok avstand mellom gruppene av folk som har bestilt billettar, og stor nok avstand mellom oss kormedlemar på scena.