o av dei smitta skal ha vore på Fitjarrevyen. Foto: Anja Montsko Austlid/Stord24

– Dei som har vore på Fitjarrevyen eller trur dei kan vera nærkontaktar, men likevel ikkje er blitt kalla inn til testing, bør snarast råd melda seg til koroansentralen for å få testa seg.   

Tysdag ettermiddag melde Fitjar kommune om det første nye smittetilfelle sidan 24. april.

Allereie same kveld blei det kjend at det ikkje var snakk om eitt, men fire nye smittetilfelle i kommunen.

– I kveld har me fått ny informasjon som viser at smittesituasjonen er meir omfattande. Sentrale deler av kriseleiinga i kommunen har difor hatt møte for å drøfta status og eventuelt tiltak, opplyser ordførar Harald Rydland i ei melding sendt klokka 23.30 tysdag.

Førebels smittesporing tyder på at alle dei fire smittetilfella stammar frå eit privat arrangement utanom bygda.

Rundt 120 på revyen skal testast

Men det er likeve klart at Fitjarrevyen ser ut til å ha vore ein arena der smitta kan ha spreia seg.

– To av dei smitta oppheld seg for tida i Fitjar, medan dei to andre var reist frå bygda då smitten vart avdekka.  To av dei smitta var på Fitjarrevyen laurdag kveld, og dei som er smitta har og delteke på eit privat arrangement i Fitjar medan dei hadde smitten i seg, seier Rydland.

Ordførar Harald Rydland. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Det er registrert om lag 20 direkte nærkontaktar som følgje av smittetilfella.  På revyen var det om lag 200 deltakarar, men eit fåtal av desse vert rekna som nærkontaktar. Likevel har smittevernlegen bede om at alle som var på revyen laurdag kveld testar seg. 

– Dette gjeld likevel ikkje dei som er fullvaksinerte eller har fått første vaksinedose for minst tre veker sidan.  Etter smittevernlegen si vurdering vil det då vera om lag 120 deltakarar på revyen som skal testast. Dei som vert testa skal og i karantene fram til svaret på testen ligg føre.

Sit på grundig oversikt

Rydland opplyser at Fitjar Fjordhotell har levert ein grundig dokumentasjon over kven som var på revyen. Han ber likevel dei som eventuelt ikkje har høyrt noko frå smittevernteamet om å melda seg for testing snarast råd.

– I kveld (tysdag) vart om lag 50 personar testa, medan dei andre vert testa i morgon (onsdag).  Dei første prøvesvara er venta onsdag ettermiddag, medan ein håpar å ha svar på resten av testane i løpet av torsdag.

Det vert førebels ikkje sett i verk nye lokale smitteverntiltak i Fitjar. 

– Når resultatet av testane er klart vil det bli vurdert om det må setjast inn tiltak som gjeld hotellet, revyen og eventuelt andre arrangement som er planlagt til helga. 

Kriseleiinga tek sikte på å komma med ny, oppdatert informasjon torsdag kveld.