Arkivfoto.

På grunna av frykt for Korona-smitte har Skyss/Kringom frå i dag stoppa kontantbetaling i bussane i inntil vidare.

– Vi gjer dette av omsyn til sjåførar og passasjerar, skriv Skyss i ei pressemelding i dag.

Skyss/Kringom har gitt løyve til operatørselskapa om å unngå å opna framdøra på bussen og stengja av eit område på 1 meter bak bussjåføren.

– Kritiske samfunnsfunksjonar er avhengige av at kollektivtransporten fungerer, og vi ønskjer i størst mogleg grad å sikra at arbeidsstokken med sjåførar held seg friske og tilgjengelege, heiter det vidare i pressemeldinga.

Skyss oppfordrar reisande om å betala ved hjelp av appen Skyss Billett. Dette kan vera eit godt høve til å lasta den ned for reisande som ikkje allereie har tatt appen i bruk. For til dømes barn som ikkje har eige bankkort som kan nyttast i appen, er det mogleg for foreldra å leggje inn barnet som «tilknytt brukar» i deira app. Då kan barnet kjøpe billettar på mobilen sin, som blir belasta den vaksne sin mobilkonto.

Skyss/Kringom har fått spraya billettautomatane som står på haldeplassar og terminalar med eit desinfeksjonsmiddel som skal ha ein verknad på 72 timar. Denne prosedyren vil bli gjentatt regelmessig i tida som kjem.

Rutetilbod:
Skyss/Kringom tek utgangspunkt i at kollektivtransporten i størst mogleg grad skal oppretthaldast, i tråd med bodskapet frå Regjeringa. Samstundes vil dei pøva å tilpassa bruken av bussar og sjåførar til at skulane er stengde. Frå måndag vil det i store delar av Hordaland bli køyrt med same rutetilbod som i vinterferien, ved at skuleturar og supplerande bussar vert fjerna. Reiseplanleggaren blir oppdatert med endringane.

Skyss gjer merksam på at redusert bemanning hos operatørselskapa som følgje av viruset kan føra til endringar i rutetilbodet på kort varsel. Det blir lagt ut informasjon på skyss.no etter kvart, og reisande blir bedne om å følgje med her.

Selskapet jobbar med å tilpasse tilbodet dersom situasjonen varer lenger enn to veker.

Reisetal:
Skyss/Kringom følgjer med på reisetal for buss og bybane i Bergen. Sjølv om det statistisk sett er litt problematisk å samanlikna dag for dag, er det no liten tvil om at talet på påstigingar syner tydelege teikn på nedgang.

I går (torsdag 12. mars) ser det ut til at nedgangen samanlikna med førre torsdag var på rundt 30 prosent. Etter at alle skular, utdanningsinstitusjonar og mange arbeidsplassar stengde i dag, er det grunn til å venta ein ytterlegare nedgang.