Fitjar kammerkor og Gjertruds Sigøynerorkester. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Fitjar får si første avlysing grunna korona-viruset: – Fortvilande å måtta avlysa.

Konserten med Fitjar kammerkor, Gjertrud’s sigøynerorkester og Helge Jordal vert avlyst grunna korona-situasjonen.

– Denne sprudlande musikalske opplevinga fortener ein fullstappa kultursal og topp stemning, så vi har derfor sett ny dato for konserten: 30. oktober, og satsar på at alle dei som hadde kjøpt billett til denne konserten møter opp då, melder Fitjar kammerkor.

– Me beklagar, melder Fitjar kultur- og idrettsbygg på sine facebook-sider.

– Alle som har kjøpt billettar på nett får dette refundert via systemet til ebillett. Dei som har kjøpt direkte på FKIB må ta kontakt for refusjon, skriv FKIB.