Avdelingsbanksjef Ingrid Vestbøstad ved Sparebanken Vest i Fitjar har tankar om korleis ein kan koma igjennom vinterferien utan at det vert for tøft for lommeboka.

Ho skriv: – Den tøffe januarmånaden med tom lommebok etter julehandelen, straumrekning og TV-lisens er akkurat passert, men for mange kjem no nok ein utgiftspost: vinterferie.

Familiar med eldre skulebarn tek i desse dagar gjerne nokre etterlengta fridagar i høve skulane si vinterferieveke. Men ikkje berre familiar med barn nyttar sjansen til å ta nokre dagar fri. Både fjellheimen og varmare strøk trekkjer til seg vestlendingane no i februar.

– Felles for alle er at vinterferien fort kan bli ei kostbar affære sjølv om ein berre er heime eller på hytta. Av den grunn har vi eit par veldig enkle råd for dei som har lyst til å bruke litt mindre pengar i ferien sin, seier Vestbøstad, og forset:

– Ta for eksempel dei som reiser på hytta på fjellet. Den klassiske diskusjonen i ein ungdomsfamilie er kor mange dagar familien skal gå på langrenn og kor mange dagar som skal tilbringast i alpinanlegget. Om ein allereie før ferien startar blir einige om akkurat dette, er det pengar å spare. Veit ein at familien skal stå tre dagar i bakken, så bør ein vurdere å kjøpe eit skipass som gjeld i tre dagar. Totalprisen for eit tredagarspass framfor tre enkeltståande heildagskort er lågare. Det er òg mykje å spare i å ha med eigen matpakke. Dei fleste store skianlegga eller turisthyttene har varmestove med eigne avdelingar der det er lov til å nyte medbrakt mat og drikke.

All inclusive
– Familiar som reiser sørover i vinterferien bør vurdere å velje eit hotell som tilbyr ”All Inclusive”, meiner Ingrid Vestbøstad vidare.

– Å bu på ”All Inclusive” er ikkje nødvendigvis ei ferieform som passer for alle, men vi ser at reiseoperatørane anbefaler dette konseptet til dei som ynskjer kontroll og oversikt over feriebudsjettet, og gjerne til familiar med svoltne tenåringar eller kresne småbarn.

For familiar som har barn som skal vere heime i ferien har ho følgjande tips.
– Av dei eldre barna er det nok ein del som ikkje skal reise bort med foreldra i ferien, men heller vere heime med vennar. Kva med å gje ungdomen ei utfordring i starten av ferieveka? Dette kan vere ei god anledning til å la dei gjere enkle jobbar heime som dei kan tene nokre kroner på. Alternativt kan ein gje dei ein fast sum med pengar som dei kan få disponere fritt i løpet av veka. Men når summen er oppbrukt, så er han oppbrukt! På den måten kan ein lære barna pengevett, til å setje opp ein forbruksplan og til å bli flinkare til å prioritere pengebruken, seieravdelingsbanksjef Ingrid Vestbøstad til slutt.