Osternes Mannskor er i planleggingsfasen for ny kabaret i mai og ønskjer fleire med i koret!

– Førebels er me på planleggingsstadiet, og ideane strøymer på, seier leiar Karvel Strømme til fitjarposten.no, og fortset:

– Alt me kan røpa no, er at det skal handla om noko som fitjarbuen er svært opptatt av, store delar av året. Men det hadde vore utruleg gildt om me kunne få nokre fleire med oss i koret. Me skal ta oss godt av dei. Gå for all del ikkje rundt og tru at du ikkje er god nok til å vera med oss, for det har enno ikkje skjedd at nokon som kjem til oss ikkje er velkomen.

I praksis kan interesserte ta kontakt med Karvel Strømme eller med ein av dei andre i koret, eller berre møta opp ein tysdagskveld kl. 20.00 på Osternes skule.

– Kjem du no i næraste framtid, får du med deg ei flott kabaretoppleving i mai, oppmuntrar Karvel Strømme til slutt.