Rita Fjærli Teigen har levert post dagleg i mossedistriktet sidan 1985. Fra 7. juli vil hun besøkja kvar postkasse annankvar dag.

Ein av to nordmenn ønskjer å sjekka kva dagar dei får besøk av postbodet. Det kan dei enkelt gjera på den nye nettsida til Posten.

Posten Norge minner oss om at frå 7. juli reduserer dei talet på dager med fast postomdeling. Då kjem postbodet måndag, onsdag og fredag i éi veke og tysdag og torsdag i neste veke.

Ei undersøking Vizeum har gjort for Posten, viser at halvparten av oss anten heilt sikkert eller kanskje vil undersøkja kva dagar dei ønskjer å få post. Det kan alle enkelt gjera ved å gå inn på denne nettsida: https://www.posten.no/levering-av-post-2020. Skriv inn postnummer og gateadresse, så får du vita når du får ordinær post dei neste to vekene.

Bakgrunnen for endringa som no blir gjort, er at postmengda har gått drastisk ned dei siste 20 åra. Digitaliseringa har gjort at det ikkje lenger er grunnlag for fast distribusjon av brevpost meir enn annankvar dag. 

– Posten er opptatt av å gjera kvardagen enklare for alle, men i framtiden vil det vera betre måtar å gjera det på enn fast besøk av postboda fem daga i veka. I dag mottar kvar husstand i gjennomsnitt tre brev i veka, og i åra framover vil det bli endå færre brev, seier konsernsjef Tone Wille i Posten.

Ei undersøking som er gjort for Posten viser at berre ein av ti postmottakarar meiner omlegginga vil få sterk negativ konsekvens for dei. Kundar som ønskjer fast postlevering kvar dag, kan få det ved å leiga postboks.

– At alle kan sjekka kva dagar dei får post, gjer det enkelt å følgja med, påpeikar konsernsjefen.

Posten har alltid vore innovativ, og har den siste tida utvikla mange nye tenester – som elektronisk distribusjon via Digipost, levering av pakkar i postkassen, fast leveringsstad som kunden bestemmer, og levering innanfor døra. Kundane kan også senda brev og pakkar frå sin postkasse.

– Nye tenester og moglegheiter vil komma fremover. Blant dei siste som er lansert, er at vi skal setja ut pakkeboksar tusen stader over heile landet. Det vil gjera det enklere å motta pakkar av alle slag og alle størrelsar, seier Tone Wille.

– Dei dyktige medarbeidarane våre jobbar kvar dag for at Posten skal levera. Vi tilpassar oss nye kundebehov, samtidig som vi tar omsyn til dei behova mottakarane allereie har. For eksempel har vi løysingar slik at aviser som blir distribuerte gjennom Posten kommer kvar dag, seier konsernsjefen.

Det var opphavleg berekna at 1500 årsverk blei overflødige ved omlegginga. Sidan blei dette talet redusert til rundt 1000, blant anna fordi Posten vann anbudet om avislevering. Gjennom godt samarbeid med fagforeininga er det funne løysingar for alle, slik at ingen blir oppsagde. Av dei tusen har 35 prosent fått anna arbeid i Posten.

Meir informasjon om kva som skjer 7. juli finst på same nettside som du sjekkar når postbodet kjem: https://www.posten.no/levering-av-post-2020.