Desse orda av Tora Vestbøstad er med og prydar framsida til sogeskriftet FITJARMINNE, som Fitjar sogelag presenterte på biblioteket søndag kveld.

Ikkje så mange hadde funne vegen til den litterære kvelden på Fitjar folkebibliotek, og det var synd. For skriftet som det nyss vakna Fitjar sogelag hadde å visa fram for publikum, var verkeleg ein fryd for auga.

Redaktør Alf Gjøsæter skriv i forordet at Fitjar sogelag ønskjer å gi ut eit slikt skrift årleg. På denne måten vonar dei å bidra til at interessa for lokalhistoria kan auka. Etter det me kan sjå av det flunkande nye skriftet, som kom rykande ferskt frå trykkeriet i dag, bør dei ha gode sjansar til å lukkast. Men dei må få folk i tale, for dette skriftet fortener så absolutt å bli lese av gamal og ung i Fitjar!

Med seg i redaksjonen har Alf Gjøsæter hatt Magnar Kloster, Harald Westerheim, Karvel Strømme, Silje Vågen Torbjørnsen og Leif Rune Vestvik. Dei presenterer stoff frå særoppgåver og kandidatoppgåver av Lars J. Rydland, Astrid Hatlevik Hauge og Berit Sandvik. Dikt og songar har dei funne hos Lidvald Stubhaug, Tora Vestbøstad, Hildegunn Aadland og Samuel Arholm. Alf Gjøsæter skriv sjølv om levemåten i Fitjar i tidlegare tider, basert på intervju med Peder Nilsen Aga i 1976. Magnar Kloster skriv om skogplantinga i Fitjar frå slutten av 1800-talet, Silje Vågen Torbjørnsen om Natterøyo, medan Karvel Strømme følgjer den gamle hovdingætta frå Fitjar til Island.

Vonleg er dette sogeskriftet starten på ein tradisjon, slik at nye slekter vil få del i historia vår før ho går i gløymeboka. Måtte kultursjef Bente Bjelland stå klar med blomar til sogeskrivarane våre i mange år framover.