Det er leiar Petra Espevoll i Fitjar Husflidslag som spør om dette framfor Husflidens dag, førstkomande laurdag. Denne dagen vert det strikka i alle kommunar i landet, og Husflidslaget har leigd Fitjartun frå klokka 10.00 – 15.00.

– Då ønskjer me at flest mogleg kjem og sit i lag og strikkar. Dei som vil kan då bli med på strikkedugnaden der me strikkar varme plagg til barn og gamle i Ukraina, så dei slepp å frysa – og såleis støtta prosjektet til Sissel Jørgensen og Fitjar vgs, seier Espevoll.

På  strikkedagen er opplegget elles at ein strikkar skjerf, pulsvantar, sokkar, huer, babytøy – eller det ein vil.

– Vil nokon læra noko nytt, til dømes å strikka rett og vrangt, eller med fem pinnar,  deler me gjerne kunnskap. Under strikkedagen vert det òg mogeleg å få kjøpt garn eller pinnar om ein skulle trengja det, og det vert servert kaffe, te, rundstykke og kaker.

Me skal retteleg kosa oss medan me strikkar, og ein kan koma og gå når ein vil, understrekar Petra Espevoll, til slutt.