I Fitjarfjellet blømer moltene, kan me slå fast etter ein tur til fjells i dag.

Moltemyrane i Fitjar er kvite, men om det blir bær av det, kjem vel an på om me får godt og lagleg vêr.

Molte i blomst er eit vakkert syn, som me unner alle å nyta. Men kor denne moltemyra er, seier me ikkje bort …


Hundrevis av vakre molteblomar på myrane ein hemmeleg stad i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.