Me minner om at julepapir ikkje skal brennast – og det skal heller ikkje i papiravfallet.

Vonleg har dei fleste av oss fått det me ønskte oss til jul. Om ikkje du fekk alt du ønskte deg, har du sikkert fått meir enn nok av ein ting, nemleg julegåvepapir. Og spørsmålet er kva du skal gjera med det.

Me minner om at julepapir er restavfall, og skal behandlast deretter.

I Oslo kan det leverast som papiravfall, for der har dei maskinar som klarer å skilja ut gåvepapiret, kan me lesa på nettsidene til Dine Penger.

Men hos oss er det restavfall, noko du kan lesa om på heimesida til SIM.

Me minner om at det går an å ta vare på papiret og bruka det til neste år.