Me har vore på tur utanfor allfarveg igjen, i eit område som ligg i Stord kommune, men blir eigd av fitjarbuar.

For den som ikkje kvir seg med å kryssa kommunegrensa, er dagens tur eit godt alternativ. Området som blir eigd av fitjarbuar og ligg i Stord kommune, er sjølvsagt Morkjo, skogsområdet sør for Rydlandssago.

Der Mjåbekkjen byrjar, ved utløpet av Longavatnet, startar skogsvegen som går på baksida av Longavatnet og nesten opp til Holmedalsvatnet. Etter vel ein halv time er du oppe ved Holmedalsvatnet, som ligg godt gøymt inne i skogen.

Rett før me er framme, møter me eit lite stykke historie. På sørsida av bekken som renn ut frå Holmedalsvatnet er det mura ein smal veg, på Petarteig-sida. Vegen er laga for at det skal gå an å køyra med hest. Området nordafor er nemleg veldig ulendt, og det har vore vanskeleg å få fram tømmeret. Skogeigarane som har hogge tømmer her, har køyrt det med hest ned langs bekken, og skota det ned til Petarteigsvatnet.

Oppover åsen nordaust for Holmedalsvatnet går det ein ganske god sti som ikkje er merkt. Når du er komen opp i høgda, bøyer stien nordover, og du kjem etter kvart til Morkatjødno, midt inne i villmarka. Stien er ikkje særleg vanskeleg å finna, men det kan vera lurt å ha med kart.

Går du forbi Morkatjødno, kjem du til ein merkt sti der du kan ta til høgre innover til Barlindedalen. Tar du til venstre kjem du ned til Rydlandssago, om du følgjer stien på vestsida av Morkavatnet og gjennom Uvegbotn og over Tinnselva.

Me følgde delvis merkt sti tilbake til skogsvegen bak Petarteigsvatnet og Longavatnet. I eit søkk rundt eit kvarters gange frå hovudvegen møter du att skogsvegen.

For den som trivst åleine i villmarka, bør dagens tur freista. Ein garantert vindmøllefri trase.