Me har vore ein liten tur utanfor allfarveg i det nydelege vêret i ettermiddag.

Vinter med is på vatna gjer terrenget meir tilgjengeleg. På Morkjo ligg Holmedalsvatnet godt gøymt i skogen bak Longavatnet inne i skogen mot Menno og Litlabø. Der Mjåbekkjen byrjar, ved utløpet av Longavatnet, startar skogsvegen som går på baksida av Longavatnet og nesten opp til Holmedalsvatnet. Det går og merkt sti opp hit, men området er lite brukt av andre enn ivrige jegerar.

Området rundt Holmedalsvatnet er ulendt og utilgjengeleg. Derfor er et ekstra interessant å ta turen innover no når det ligg trygg is på vatnet. I dag gjekk me ein god runde på isen i ei lita verd me fekk ha heilt for oss sjølv. Her kjem me like inn under Menno, Bjødnahifjedlet og Litlabøfjedlet. Eit godt turforslag for den som likar å tusla litt for seg sjølv.

Og slett ikkje så utilgjengeleg no når du kan gå snarvegen rett aust over isen på Longavatnet og Petarteigvatnet og oppover lia.