Effektive Fitjar-gutar knuste utolmodige og poengfattige rosendølar med fire kjappe kontringar, som gav siger 4-1 i vakre Rosendal laurdag ettermiddag.

Med tre kjappe scoringar i løpet av mindre enn 10 minutt i slutten av første omgang, avgjorde Fitjar bortekampen mot poenglause Rosendal. Og alle dei tre scoringane var av same slaget. Ballen gjekk i stor fart i tre-fire trekk frå Fitjar-forsvaret og fram til ein ventande angripar på midtstreken. Dei to første måla var det Thomas V. Waage som fekk gleda av å setja inn. Han viste seg som den storscoraren han er, då han førte ballen frå midtstreken og inn i motstandarfeltet, der han sjeldan gjer feil. To gonger. Før det var Jan Åge Tislevoll sin tur til å gjera det på akkurat same måten.

3-0 til pause var eit svært så sterkt resultat, men spelet var ikkje så overtydande som sifra skulle tilseia. Det var nemleg Rosendal som kom best i gang i kampen. Utolmodige etter å sikra seg dei første poenga for sesongen pressa dei gjestene sine over på defensiven. Men store sjansar kom dei ikkje til, bortsett frå eit par pene forsøk etter vel eit kvarters spel. Heimelaget fylte opp midtbanen sin med hardt kjempande folk som ikkje gav noko gratis i duellane. Dei gav ikkje gjestene mykje plass, og dermed fekk ikkje Fitjar ballen til å flyta slik me har sett før.

Dei poenglause vertane pressa på for å få mål, og gløymde å sikra bak. Dei låg altfor høgt, og forsvarsspelarane deira blei eit lett bytte når Fitjar kontra. I duell med Thomas og Jan Åge hadde dei lite å stilla opp med, og måtte sjå måla renna inn i løpet av 10 vonde minutt. Kanskje litt heldig for Fitjar, men det er lov å ha gode spissar, som ikkje let til å synast synd på uheldige og litt taktisk svake motstandarar.

Med 3-0 entra Fitjar banen i trygg forvissing om at her var det berre å trygga sigeren. Men me fekk ikkje sjå Fitjar kontrollera kampen inn, slik me hadde venta. For alt etter tre minutt reduserte Rosendal ved Anders Bakke Berntsen, som kom altfor lett gjennom på grunn av ein liten teljefeil i Fitjar-forsvaret. Dermed fekk me sjå eit relativt stressa Fitjar-lag i andre omgang. Etter fem minutt var Thomas V. Waage nesten gjennom og kunne ha avgjort kampen, men han blei skadd i duell med Rosendal-forsvaret, og måtte gå ut. Eit litt svekka Fitjar-lag sleit med å få pasningsspelet til å flyta, mot hardt kjempande rosendølar.

Men så mange store sjansar blei det ikkje på dei utolmodige heimespelararne, som ikkje hadde lært av feila i første omgang. Rosendal lir tydelegvis under saknet av ein målscorar, og knapt 10 minutt før slutt var det Fitjar sin tur igjen til å straffa offensive heimespelarar. Nils Ingard Tislevoll tok ballen med seg frå eige forsvar, opp langs høgresida til hjørnet av 16-meteren til Rosendal, før han la fint inn framfor mål. Der kom broder Jan Åge stormande, og stonga ballen i mål frå kort hald, fullstendig utakbart for den arme heimekeeperen.

Heldigvis for Fitjar ser det ut til at Rosendal manglar ein goalgetter, men dei vil heilt sikkert skaffa seg poeng utover i sesongen. Men då må dei scora mål, og ikkje vera så sårbare bakover. I sluttminutta noterte me fleire store sjansar for Fitjar, ved innbytarane Torbjørn Korsvik og Jonas Tislevoll. Men fleire mål blei det ikkje, og Fitjar kunne notera sin tredje siger på rad. I ein kamp der heile laget kjempa godt mot innsatsvillige og utolmodige heimespelarar.

Med tre sigrar på rad har Fitjar fått ei strålande sesongopning med ni poeng og førsteplass på tabellen i 5. divisjon. Neste kamp er mot Solid, som enno ikkje har fått poeng. Før eller seinare må dei òg vinna, så det bryggjar opp til storkamp i Hustrudalen fredag 3. mai.